Løvetann er undervurdert Ei vårplante som er attraktiv for pollinerande insekt!
Løvetann er undervurdert Ei vårplante som er attraktiv for pollinerande insekt!

Pollinator­paradiset:
Korleis lage ein hage for flygande småkryp?

Hagen og nærområdet ditt kan bli ein oase for pollinerande insekt. Villbier, sommarfuglar, blomsterfluer og biller vil kunne skape liv og glede i hagen din.

PInteressen for pollinerande insekt har eksplodert. Under pandemien fekk også hagebruk ein skikkeleg renessanse, og mange vil at hagen skal vera ein god plass å vera både for seg sjølv og for dyr og planter. I tillegg til det tradisjonelle fokuset på estetikk og nytte kan den glade hageeigar også gi litt rom for flygande småkryp. Pollinerande insekt, slik som villbier, treng jo både mat og bustad. Her kjem det ei tiltaksliste for deg som vil ha meir liv i hagen:

1. MAT: variasjon i blomsterbed og plen

Mat er det viktigaste du må sørga for dersom hagen skal summe av humler og andre villbier, sommarfuglar eller dei artige små, vepsehermande svevefluene, som vi kallar blomsterfluer. Mat kjem i to typar for dei pollinerande insekta: pollen og nektar. Pollen er først og fremst eit spreiingsverkøy for dei hannlege kjønnscellene til blomsterplantane, men i tillegg er det eit proteinpulver som skapt for at bielarvane skal veksa. Nektar er eit reint lokkemiddel i form av sukkervatn med nogo attåt. Nektar fungerar både som drivstoff og byggestoff for insekta. Dersom du vil at det skal summe av liv i hagen din, må du sørga for nok og variert mat i sommarhalvåret. Her nokre tips:

A. Sesongbuffet: du må tilby blomster av ulike formar og fargar, som blomstrar gjennom heile sesongen frå april til oktober. Spesielt tidleg og seint på året då det er lite å hente i naturen elles. Har du plass til eit seljetre? Det er eit av få matfat for insekta tidleg om våren, og kan brukast som huske- eller klatretre for barn eller barnebarn resten av året. Krokus og kirsebær er andre gode insektplanter om våren. Haustblomstrande staudar og urter, slik som oktoberberggknapp (sjå bilde), kan anbefalast. Dei kan lokke til seg store mengder av humler, fluger og sommarfuglar på varme dagar i september og oktober når det elles er lite insektliv.

Hausten er også viktig. Kvifor ikkje prøve oktoberbergknapp (også kalla haustbergknapp) som blomstrar utover hausten og gir rikeleg med mat til admiralsommarfuglen og andre insekt som må lagra opp energi for vinteren, og for admiralen sin del for å trekke til varmare strøk, kanskje heilt til Afrika.
Hausten er også viktig. Kvifor ikkje prøve oktoberbergknapp (også kalla haustbergknapp) som blomstrar utover hausten og gir rikeleg med mat til admiralsommarfuglen og andre insekt som må lagra opp energi for vinteren, og for admiralen sin del for å trekke til varmare strøk, kanskje heilt til Afrika.

B. Lokalmat: finn blomsterartar for bed, plen eller blomstereng som du sjølv har sett at insekta liker. Unngå variantar av hageplantar utan særleg nektar eller pollen. Engplantar som raudknapp, ormehode og mjødurt, eller urter som lavendel, oregano (bergmynte) eller timian vil kunne tiltrekke seg mange insekt. Blomstrar i ulike fargar og formar skapar også mangfald av insekt.

C. Fruktig buskas: Frukttre og bærbusker har mange blomster, og dei blomstrar relativt tidleg når mattilgangen til insekta ofte er minst. Kirsebær og bringebær er to favorittar hos biene i min hage, men også solbær, rips, eple mfl. er populære. Frukttre og bærbuskar er nok det aller beste tipset for å kombinera nytte med rikt insektliv.

D. Mindre plen, meir eng. Unngå ferdigplen, og så heller frøblandingar med raud- og kvitkløver som er veldig populære hos humler. Unngå gjødsling og kvitt deg med robotklipparen! Klipp berre der du går, eller spelar badminton, og la resten vekse vilt. Lat løvetann få litt spelerom. Ikkje klipp plenen før du reiser på sommarferie, men la den få utfalde seg som blomstereng for nokre veker. Eller tenk på plenen som ei eng og slå den berre om våren (fleire gonger om den er næringsrik) og seinsommaren slik at den frå blomstre midt på sommaren. Rak den hardt etterpå for å opne botnsjiktet og så ekstra frø frå ville engplantar for å auke mangfaldet.

Engplanter: Raudknapp er eit pollinatorparadis i seg sjølv. Her er det rom for både humler og andre småkryp. Denne og andre engplantar kan fungera fint i hagen.
Engplanter: Raudknapp er eit pollinatorparadis i seg sjølv. Her er det rom for både humler og andre småkryp. Denne og andre engplantar kan fungera fint i hagen.

2. BI-BUSTAD: sommarpalass og vinterhi

Biene sine preferansar når det kjem til bustad gjer dei endå meir interessante. Vi har to hovudtypar av villbier: Først har vi dei sosiale biene, hos oss er dette humlane, som lagar koloniar med arbeidsdeling og yngelpleie i bol. Humledronninga overlever vinteren i hi, med befrukta egg i kroppen sin, og bygger opp ein koloni på opptil eit par hundre individ i løpet av ein hektisk sommarsesong. Humlane har stort sett bol i bakken, ofte i hol der mus har halde til. Men arten som heiter trehumle kan også vera i veggen på gamle hus eller ta bustad i fuglekasser. Trehumla er difor kjent som den “urbane” humla.

Den andre hovudtypen villbier kallar vi solitære bier. Desse lagar reir i små holrom der dei legg egg saman med ei nistepakke til larvane sine frå maten dei samlar. Dei fleste solitære bier legg egga sine i bakken, gjerne i porøst materiale slik som sand og grus. Omlag ein tredjedel av dei omlag 170 artane av solitære villbier i Norge har reir i gamle billegangar i døde tre og stubbar.

Å skape gode bol- eller reirplass for bier kan vera litt krevjande, men artig å prøva:

A. Insekthotell: Spesielt nyttig for solitære villbier der det er mangel på vanlege reirplassar slik som døde tre og stubbar. Det finst eit utal variantar å få kjøpt på ymse butikkar. Det er viktig at opningane ikkje er for store, men varierer frå ca. 2-3 mm til 1 cm i diameter då ulike artar har ulike preferansar. Heng dei på ein sør- eller sørvest vendt vegg eller tre. Har du god tid, kan du også etablera ein permanent vedstabel i hagen (grankubbar kan funke bra) der biller kan gnage gangar og biene seinare kan legge egg. Det beste insekthotellet i hagen vår er det gamle insektgjennombora stabburet (som difor ikkje kan bli restaurert)

Insekthotell: desse prøver å tiltrekke seg villbier som elles vil legge egg og lage reir i holrom etter billeganger i tre. Her både kjøpt og eigenproduserte av trekubbe eller avkapp (Sjekk <a href="https://youtu.be/HqULLSiglJM" aria-label="Youtube-filmen min">Youtube-film</a> for meir).
Insekthotell: desse prøver å tiltrekke seg villbier som elles vil legge egg og lage reir i holrom etter billeganger i tre. Her både kjøpt og eigenproduserte av trekubbe eller avkapp (Sjekk Youtube-film for meir).

B. Humlekasser: Desse kan fungera for nokre av våre 35 humleartar, spesielt for jordhumlene som er humlene med gule og kvite striper. Humlekasser er eit litt avansert tiltak og mange stadar vil nok humlene heller velje ein naturleg bolplass enn ein kunstig kasse i hagen din. Det skadar likevel ikkje å prøve. På lahumlasuse.no finn du råda til ein av dei fremste ekspertane på humlekasser, Atle Mjelde. Han skriv om kva kassane må innehalde (grov- og finmasse) og lukte (mus!). Kanskje klarar du å lokke ei humledronning om våren?

C. Roteplass: La det vera område i hagen som ikkje er sådd til, eller der det kan vera litt rotete. For villbiene som har reir i bakken, kan litt fri sand og grus i ei sørvend helling vera tingen. Hos humlene overvintrar dronninga ved å gå i dvale. Det kan tenkast at ho vil finne seg til rette i eit rotete hjørne av hagen din der kvist og lauv får ligge i fred.

Har du ein stor hage eller småbruk på landet, vil det mest effektive vera å sikra variasjon i blomsterassortimentet og unngå ein for strigla hage. Lag gjerne ei blomstereng, og ha frukttre og bærbuskar.

Har du ein liten hage, i by eller tettstad, vil alle bidrag vera av nytte for villbier eller andre pollinerande insekt. I byen kan det vera mangel på både mat og bustad. Difor kan insekthotell og rett utval av blomstrande planter, gjerne i krukker, vera dei viktigaste tiltaka. Fordelen med byar og tettstadar er at dei ofte ligg gunstig til med godt klima, noko både bier og blomar set pris på. Så dersom både folk og kommune legg til rette for det, i hagar og parkar, så kan byar og tettstader også bli pollinatorparadis. La det summe, og ha ein fin vår og sommar!

Meir stoff:

Vill vest-bloggen på forskning.no har fleire hagetriks for større rikdom av insekt og blomster: Redd verda i hagen: Skap ein oase for deg sjølv og dei små, Blomstereng for dummies, Sosial omgang i det små

YouTube: Eg har laga ein instruksjonsfilm om insekthotell på Youtube dersom du vil lære meir om slike konstruksjonar.

Bøker: Den ville hagen (The Garden Jungle), av Dave Goulson, Press forlag, 2019. Den har mange gode historier om insekta i hagen og inspirasjon til ting du kan gjera.

Blomstermeny.no kan gi deg ein god oversikt over potensielle pollinatorplantar av mange ulike slag

Vårt gamle 1800-tals stabbur er bygda beste hotell for bier og andre insekt! Det er nemleg ganske så gjennombora av biller og er full av plugga hol som du kan sjå om du zoomar inn på veggen.
Vårt gamle 1800-tals stabbur er bygda beste hotell for bier og andre insekt! Det er nemleg ganske så gjennombora av biller og er full av plugga hol som du kan sjå om du zoomar inn på veggen.
Powered by Labrador CMS