Kjønn på museum: om noaidi, kjønnsperspektiv og meisterforteljinga

Publisert

Antologien Kjønn på museum (Brenna og Hauan 2018) avslører ei manglande merksemd mot kjønnsperspektiv i museumssamanhengar, både når gjeld forvalting av samlingar, i utstillingsproduksjonar og i formidlinga av desse. Boka er eit resultat av eit intensivt publikasjonsprosjekt ved Noregs arktiske universitetsmuseum der museumsfolk nettopp vert oppmuntra til å sjå på sitt eige felt med kjønnsbriller. Prosjektet opna for sjølvransaking og det var mange av oss, som med desse brillene på, oppdaga nye sider ved våre arkiv, publikasjonar, samlingar og utstillingar.

(Foto: Norges arktiske museum)

Sjølv om kjønn og museum er eit tema med røter attende til 1970-talet, viser boka at me framleis har ein lang veg å gå i å representera kvinner og menn på ein likeverdig måte. I artikkelen «”Hvor var kvinnene? ”Refleksjonar om forholdet mellom kjønn og samisk religion i etnografiske utstillingar» er mitt utgangspunkt at eit museum er ein samfunnsaktør som bidreg til kunnskapsproduksjon – også om kjønn. Eg tek her utgangspunkt i to ulike museumsutstillingar; basisutstillinga Samekulturen ved Tromsø Museum som opna i 1973 og Sami Stories Art and Identity of an Arctic People som er ei vandreutstilling produsert av Norges arktiske universitetsmuseum i samarbeid med Nordnorsk Kunstmuseum i tilknyting til grunnlovsjubileet i 2014. Å analysera desse to ulike utstillingane opnar for å kasta lys over korleis samisk religion og kjønn har vorte tematisert, aktualisert og formidla over eit spenn på 40 år. På kva måte har framstillinga av samisk religion endra seg i løpet av dette tidsrommet? Kva for ulike forteljingar kjem til uttrykk og korleis er kjønn aktualisert i desse utvalde utstillingane?

Det er ei maskulin verd som møter oss i utstillingsmonteren om samisk religion i Samekulturen. Iver Jåks (1932-2007) sin illustrasjon av den mannlege noaidi ved bålet, sitjande på huk med tromma (goavddis) og hornhammaren (veahĉir) i hendene i djup konsentrasjon med lukka augo, dekkjer store delar av veggflata. I forkant av illustrasjonen finn ein sieiddit (offersteinar) frå ulike samiske områder og i venstre hjørne er det laga ei lita hole der gudefigurar i tre fortel om offerpraksis og gudsforståing. Veggane rundt er dekorert av tekstar som løftar fram informasjon om ulike sider av samisk religiøs praksis som dei ulike symbola på tromma, offer, gudeverda, sieidi og noaidi si rolle. I informasjonen om noaidi lærer me at, ”Noaiden utførte kultushandlingene med runebomma. Han var valgt ut og opplært av en eldre noaide” (utstillingstekst, mi kursivering). Der er med andre ord mannen som har rolla som den religiøse spesialisten og det er innanfor ein lukka mannleg sfære at kunnskapen om religiøs praksis vert vidareført til nye generasjonar.

Forutan sieidi og noaidi er tromma (goavddis) og trommehammaren (veahĉir) to sentrale religiøse symbol i utstillinga. Gjennom Jåks sin illustrasjon koplast også desse til ei mannleg verd. Den handlande religiøse aktøren i samisk religion framstillast som ein vaksen samisk mann. Kvinner si rolle og deltaking i religiøse praksisar er derimot eit tema som verken finn gjenklang i illustrasjonar eller tekstar.

I ein museumskontekst er det eit stort sprang frå 1973 då utstillinga Samekulturen stod ferdig til 2014 og opninga av Sami Stories. Utviklinga speglast både i val av tema, presentasjon og utstillingtekniske løft. Mitt fokus er utstillinga si framstilling av samiske religiøse praksisar i den delen av utstillinga som har fått tittelen «Sami Religion – Noaidevuohta». I Sami Stories er dette temaet kasta lys over på ei større veggflate med tekst og bileter og i montrar med to hovudsymbol; tromma (goavddis) med trommehammar (veahĉir) og ei ny komsekule (Silbáboallu) produsert av kunstnar Randi Marainen.

(Foto: Norges arktiske museum)

Teksten som fortel vitjande til utstillinga om samisk religiøs praksis startar med å sidestilla samisk religion og sjamanisme og vidare presenterast noaidi som sjaman. Likeins som i Samekulturen er noaidi også her kjønna. Me kan lesa, “In Sámi practice, the shaman was known as the noaidi, and served as the community’s spiritual and religious leader. The noaidi’s primary tool was a drum – or goavddis – which he used to communicate with the gods and the spirit world…” (utstillingstekst – mi kursivering). Denne presentasjonen av den mannlege noaidi og dei religiøse symbola han nytta, speglar seg også i bileta knytt til teksten. Me møter her ei mannleg noaidi med ei stor tromme i hendene henta frå presten og språkforskaren Knud Leem si bok Beskrivelse over Finnmarkens Lapper (1767) og biletet «lappar med trolltrummar» frå Acta Lapponica (1673) av Johannes Schefferus. Denne kjønninga av tekst og illustrasjonar utgjer eit rammeverk for vitjande sine personlege bilete og inntrykk av temaet.

Kombinasjonen av tekst, bileter og gjenstandar legg visse føringar for høve for tolking av temaet og for vår forståing av samiske menn som sentrale utøvarar innanfor religionsfeltet og samiske kvinner som passive religiøse aktørar.

Med tanke på tematisering av kjønn skil ikkje Sami Stories seg i nemneverdig grad frå den etnografiske utstillinga frå 1973. Både i val av perspektiv og tema, kan ein derimot seie at utstillinga gjentek ei historie og ei forklaring som vart formidla ved same institusjon 40 år attende i tid. Analysen av Samekulturen og Sami Stories viser korleis nokre strukturar og forklaringar overlever og dominerarar i framstillingar og formidling. Gjennom rammeforteljinga «Sami Religion – Noaidevuohta» bidreg utstillinga til å reprodusere etnografiske meisterforteljingar om kjønn og religion i ein samisk førkristen kontekst.

Trass i at det er heile 40 år mellom produksjonen av dei to utstillingane, er det lite som tyder på at museet har endra eller ynskjer å utfordra usynleggjeringa av kvinner si rolle i religiøs praksisar. I større grad enn å utfordra kjønnsnormene reproduserer utstillingane etnografiske meisterforteljingar om kjønn og religion i ein samisk førkristen kontekst. Slik sender utstillinga også ut ein bodskap om at kvinner i liten grad spela noko aktiv rolle i religionsutøving og at det her var mannen som rådde grunnen. Utstillingane bidreg slik til å byggja opp under stereotype kjønnsroller som framstår som naturgjevne.

Kjønnsubalanse i museumskontekstar bidreg til å undergrave demokratiske prinsipp av di museum er aktørar som innverkar på produksjon av meining – produksjon av førestillingar om kjønn, identitet, stereotypiar og makt. Det er ved å skapa utstillingar som opnar for representasjon av skilnader og mangfald at museum kan bidra til større sosial liksskap og utvikle seg til å verta stadar for idéutveksling og kritisk refleksjon.

Powered by Labrador CMS