Kartet viser kva kommunar som har bokmål og nynorsk som offisielt tenestemål. (Tonym88 / Mathias S / Wikimedia Commons / CC BY SA 2.5)

Norskfaget: Den norske språkstoda

Dette er den tredje – og førebels siste – teksten min om skissa til ny læreplan for norskfaget under fellesnemnaren «mykje sentrum og lite periferi». Tidlegare har eg skrive om språkleg mangfald og om dialekt i leik og skrift. Denne siste utdjupinga av innspela mine til læreplanskissa skal handla om det kanskje vanskelegaste spørsmålet av alle i norskfaget: Forvaltninga av Stortingets vedtekne språkpolitikk der bokmål og nynorsk er juridisk likestilte og der begge skal vera samfunnsberande språk.

Norsk språkpolitikk

Som del av denne politikken – som går tilbake til jamstellingsvedtaket i 1885 – er det ein uttrykt ambisjon at alle elevar skal læra begge dei norske skriftspråka, og difor føreskriv opplæringslova både opplæring i begge i skulen og eigen karakter i hovudmål og sidemål. Ei endring av denne ambisjonen vil vera i strid med den offisielle språkpolitikken og er difor ikkje akseptabel.

Ein kan vera samd eller usamd med språkpolitikken Stortinget har vedteke. Men ei eventuell usemje må ein ta ut gjennom røystesetelen og i eventuelt politisk arbeid, og det gjeld for lærarar og skuleeigarar òg – direktorat og departement medrekna. Det er ikkje høve til å sabotera det som er gjeldande lov, og målsetjinga for skulen må, fram til språkpolitikken eventuelt vert endra, vera å få til best mogleg opplæring i og meistring av bokmål og nynorsk for alle elevar.

«Alle» blir best i bokmål

Og då er utfordringa klar: Som ei generalisering gjeld det at elevar ikkje blir like gode i nynorsk som i bokmål når dei går ut av den norske skulen. Du som les dette, trur kanskje det berre gjeld den store majoriteten av bokmålselevar (ca. 88 % av elevane i grunnskulen), som altså har nynorsk som sidemål, men det gjeld også nynorskelevane (ca. 12 % av elevane), altså dei som har bokmål som sidemål. Alle – i statistisk forstand – er best i bokmål!

Saman med professor i sosiologi ved UiA, Morten Blekesaune, har eg nyleg gjennomført ein studie av standpunktkarakterar i 10. trinn i dei fire vestlandsfylka i perioden 2009-2017, altså åtte årskull. 90 % av alle nynorskelevar bur på Vestlandet, men dei utgjer samtidig berre 40 % av alle elevar i regionen og med at byane er bokmålsdominerte. Me delte kommunane inn i nynorskkommunar og bokmålskommunar og fann då at i nynorskkommunane var sidemålskarakteren samla sett betre enn hovudmålskarakteren (gjennomsnitt på 3,81 vs. 3,76). For bokmålskommunane var det omvendt, og der er også avstanden mellom dei to karakterane større (3,66 i sidemål vs. 3,89 i hovudmål).

Jamvel nynorskelevane er altså best i bokmål! Dette er eigentleg ikkje noka stor overrasking, i alle fall ikkje for oss som forskar på språktileigning og -stimulering. Me veit jo godt at bokmål dominerer det norske språklege landskapet og at nynorskelevar nærmast badar i bokmål medan bokmålselevar knapt nok får ein liten dusj i ny og ne. Og Bokmålsdominansen startar tidleg. I ei undersøking kulturavisa Pirion.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjennomførte i 2016, kom det fram at barnehagar i nynorskområde både syng og les meir på bokmål enn på nynorsk. Det er altså situasjonen for born som – dei fleste av dei – skal få den første lese- og skriveopplæringa på nynorsk.

Dette definerer ei klar oppgåve for norskfaget: Opplæringa i det mindre brukte av dei to norske språka må styrkast. Bokmålselevane må jobba meir med sidemål og nynorskelevane må jobba meir med hovudmål.

Det mindre brukte av dei to norske språka, her på eit litt eldre skilt. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Vurderingstrykket

Innføringa av tidlegare start med sidemål som kom i 2012, er eit steg i rett retning – for bokmålselevane – og dette ligg urørt i det noverande læreplanforslaget. Noko som er nytt, gjeld vurdering – altså karaktersetjing – på ungdomsskule og studieførebuande vgs: Forslaget er at det berre skal vera to norskkarakterar i 8. og 9. trinn og vg1 og vg2, ein skriftleg og ein munnleg, medan det i avgangsåra for 10. trinn og vg3 skal vera to skriftlegkarakterar, ein i hovudmål og ein i sidemål.

Dette forslaget svarar på eit tydeleg rop frå lærarstanden, nemleg at to skriftlegkarakterar stel verdifull tid frå opplæringa. Men svarar det på den utfordringa eg har skissert ovanfor? Den siste av tre NIFU-rapportar om forsøka med ein skriftlegkarakter som kom i juni 2018, konkluderer med nøgde lærarar. Han dokumenterer derimot ikkje effektar på læringsutbytet, og såleis heller ikkje noka styrking av nynorskopplæringa. Og det kjem fram at det er ein tendens til at arbeidet med sidemål vert nedprioritert i fråværet av eit eksplisitt vurderingskrav. Jaudå, læreplanskissa seier at den eine skriftlegkarakteren skal vera basert på vurderingar i både hovudmål og sidemål, men det vert ikkje sagt noko om kor mange av kvart.

Det kan godt henda at ei slik endring av vurderingsregimet vil gjera livet lettare for hardtarbeidande norsklærarar. Men det er på ingen måte gitt at det vert noko positivt bidrag til å heva kompetansen i det mindre brukte av dei to norske skriftspråka.

Ein ny nynorskdidaktikk og allmenne læringseffektar

Eg skal likevel ikkje utelukka at forslaget kan sameinast med ei styrking av nynorskopplæringa. Men det som først og fremst trengst, er ein ny langsgåande didaktikk for det mindre brukte språket. Og eigentleg veit me kva nøkkelen er: Ta språket i bruk. Implisitt læring. Lesa meir nynorsk, både i norskfaget og i andre fag. Byrja tidlegare. Skriva meir nynorsk. Mengdetrening, rett og slett.

Her kan ein følgja nokre av dei prinsippa og arbeidsmåtane Kristin Kibsgaard Sjøhelle har forska på i doktoravhandlinga si og som ho fortel om i dette innlegget og i filmen «Å arbeide med nynorsk bruksspråk. Ein språkdusj» som ligg på YouTube.

Eg er ikkje blåøygd. Eg forventar ikkje at ein samla lærarstand utan vidare vil støtta opp om ein dugnad om å ta nynorsk meir i bruk. Men ein bør vera klar over dette: Det vil auka den allmenne språkkompetansen for alle elevar. Det fordrar meir konkret arbeid med sjølve språket og vil dermed stimulera det metaspråklege medvitet til elevane uavhengig av målform. Og gjerne lærarane òg – det er heller ikkje så dumt!

Nynorskelevane presterer best

Morten Blekesaune og fann noko anna i undersøkinga av standpunktkarakterar på Vestlandet: Justert for utdanningsnivå i den vaksne befolkninga er nynorskelevane, og då særleg jentene, betre i bokmål enn bokmålselevane sjølve. I alle fall om ein skal ta karakterane for god fisk. Og det gjeld ikkje berre norskkarakteren: Nynorskelevane er òg betre i engelsk og matematikk! Hovudmålskarakteren er dessutan like god hjå nynorskelevane som hjå bokmålselevane når ein gjer denne sosioøkonomiske justeringa.

Dette overraska oss ikkje, for det er heilt i tråd med det me fann i ei tidlegare undersøking der me såg på resultata i nasjonale prøvar i fire årskull med åttandeklassingar for heile landet (ca. 240 000 elevar): I kommunar med meir enn 50 % nynorskelevar er resultata signifikant betre enn forventa når ein justerer for utdanningsnivå, kvinneleg yrkesaktivitet og skilsmisserate i den vaksne befolkninga.

Så det er effekten av tospråklegheit. Eller toskriftspråklegheita om ein vil, eventuelt bidialektal skriftkunne viss ein har allergi mot å kalla bokmål og nynorsk ulike språk. At arbeid med språkkompetanse gir allmenne læringseffektar. (Sjå Vangsnes, Söderlund og Blekesaune, 2017, om undersøkinga av resultata frå nasjonale prøver. Rapporten frå den siste studien vår er straks klar til å sendast til eit vitskapleg tidsskrift for fagfellevurdering, men her må ein altså venta litt på dei saftigaste detaljane.)

Danningsperspektivet

Det må altså leggjast meir vekt på det mindre brukte norske språket nynorske i norskundervisninga. Dette imperativet er i eit danningsperspektiv heilt sentralt. Det handlar om å forvalta den offisielle norske språkpolitikken og den norske kulturarven slik den er bygd inn i den norske språkstoda. Som meirverdi får ein styrkt allmenn språkkompetanse og andre læringseffektar på kjøpet.

Korleis dette best bør skrivast inn i den nye læreplanen, kan sjølvsagt diskuterast, men eg meiner det som eit minimum bør inn eit tillegg om det i avsnitt 1.1 Fagets relevans à la dette:

Faget er sentralt for å opprettholde norsk som samfunnsbærende språk i Norge og i forvaltningen av norsk språkpolitikk. Elevene skal lære å mestre begge de norske skriftspråkene, og norskfaget har et særlig ansvar for at dette målet nås.

I tillegg vil det ikkje skada om det kjem inn eksplisitte læringsmål som synleggjer at det må leggjast særleg vekt på opplæring i nynorsk.

Periferiperspektivet

Korleis sorterer så dette temaet for denne teksten inn under den sentrum/periferi-overbygninga som eg har sett opp for dei tre tekstane mine om norskfaget?

Det burde ikkje vera vanskeleg å sjå det. Det nynorske skriftspråket har vore ein av dei viktigaste motkulturane i norsk samfunnsliv sidan siste halvdel av 1800-talet og er det framleis. Det starta som eit demokratiprosjekt for å flytta språkmakta frå dei styrande elitane til ålmenta i ei tid då størsteparten av befolkninga i landet budde på landsbygda. Språket vart tufta på viktige strukturelle fellesnemnarar for dei norske talemåla på landsbygda, systematisk kartlagde av Ivar Aasen, og sjølv om det språklege landskapet i vår tid ser annleis ut enn då han gjennomførte sine språklege dokumentasjonsferder, er det framleis slik at nynorsk i større grad representerer ei skriftleggjering av det norske språklege mangfaldet enn tilfellet er med bokmål.

Og den kunnskapen – at skriftspråket ikkje nødvendigvis må vera sentralisert og utgå frå ei og berre ei tradert norm – er kanskje noko av det mest verdifulle ved den norske språkstoda. Ein ekstra dimensjon knytt til dette har komme til i nyare tid ved at norske ungdommar i dag i nokre samanhengar frigjer seg heilt frå begge dei standardiserte skriftspråka (jf. forrige bloggtekst).

Med dei rette didaktiske grepa ligg det eit potensial for mykje verdifull læring i dette, eksplisitt og implisitt, både om språket sjølv og om kva rolle språk og språkmakt spelar i samfunnet. Læreplanen for norskfaget bør leggja til rette for at slik læring kan følgja på ein god og sjølvsagt måte.

Powered by Labrador CMS